Om å vinne over frykta

Kristin Aalen

Til havs i ei flytande pære sigrar ein gut og ei jente over dei indre monstera sine.

Mitcho (Anna Bormann) og Sebastian (Leo Reding) dikter at dei finn kartet til Den magiske øya. Foto: Grethe Nygaard.

Eg har skrive før at eg er imponert over Ungdomsteatret ved Rogaland Teater. No kan eg utvida rosen til å omfatte Barneteatret ved same institusjon.

Regissør Charlotte Frogner har instruert 40 barn og unge, fordelte på to skodespelarlag, til å tolke den populære barneboka Den utrolige historien om den kjempestore pæra. Den er skriven av danske Jakob Martin Strid med ellevill galskap og fantasi, nett som i Jo Nesbø sine bøker om Doktor Proktor.

(…)

Det har blitt ei særs livleg framsyning som inkluderer eit knippe godt framførte songar av Julian Berntzen. Barna spelar med nokre hakk for støyande stemmebruk til tider, etter min smak, men med ein frisk innsats som gjer meg imponert. Anna Bormann og Leo Reding (skodespelarlag Sylte) gjer ei framifrå tolking av Mitcho og Sebastian.

Heile meldinga kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.

Publisert i Dag og Tid 13. november 2026.

Eit magisk frø veks på eit døger opp til ei kjempestor pære som knuser huset til Mitcho og Sebastian. Foto: Grethe Nygaard.

Den utrolige historien om den kjempestore pæra

Hovudscenen, Rogaland Teater

Jakob Martin Strid

Dramatisert av: Anders Lundorph

Regi og bearbeiding: Charlotte Frogner

Scenografi og kostyme: Christina Lovery

Koreografi: Ludvig Utvik Herstad

Songar av Julian Berntzen

Kristin Aalen