Er teater ei fisefin kulturgrein?
Kristin Aalen
Teaterinstitusjonar får rett som det er høyre at dei berre er til for fiffen og kultureliten. Men er det verkeleg sant?
Tolv barn frå Barne- og Ungdomsteatret i Stavanger vert hersa med av rektor Trunchbull (Espen Hana) i teaterstykket Matilda. (Foto: Stig Håvard Dirdal)
Då Dag Mossige frå Arbeidarpartiet i Stavanger for ein månad sidan vart intervjua om partiet hans ville støtte ei storstilt oppussing av Rogaland Teater, (sjå min kulturkommentar «Tenk visjonært for Akropolis i Stavanger», dagogtid.no 28. januar) svara han at Ap enno sat på gjerdet. Skulle dei gå inn for saka, måtte dei verte overtydde om at teateret ikkje berre er til for fiffen. Institusjonsteatret må syne at det er «relevant for langt flere enn dagens kjernepublikum,» sa han til Stavanger Aftenblad. Partiet kunne ikkje gå inn for eit prestisjeprosjekt for dei få, altså for kultureliten «slik det ofte blir omtalt som i kommentarfelt», heldt han fram. Teateret må syne at det er eit bygg for folk flest, nett slik konserthuset i Stavanger har blitt folkeleg ved å skape breie møteplassar.
Eg skal kome attende til kva for avgjerd Mossige og partiet hans nokre veker seinare tok då dei klatra ned frå gjerdet i den politiske handsaminga av oppussingsaka. La meg først sjå nærare på det teatersynet som piplar fram i Mossige sine populistiske og uinformerte utsegner.
Heila kommentaren min kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.
Publisert på dagogtid.no 25. februar 2026
Pia Tjelta lærte å bli skodespelar av å vere med i Barneteateret i Stavanger. Her ein scene i filmen Se meg. (Foto: Ymer Media)
Kulturkommentar i Dag og Tid sin nettutgåve 25. februar 2026