Meininga med livet er kjærleiken (kanskje)

Kristin Aalen

Popkongen Morten Abel har gitt Rogaland Teater frie hender i omgang med låtane sine. Resultatet er ein lettbeint og sprø komedie i regi av eit knippe dyktige danskar.

Fra venstre Mareike Wang, Amund Harboe, Nina Ellen Ødegård, Anders Dale, Heine Røise, Marianne Holter, Siri Black Ndiaye og Matias Kuoppala. (Foto: Stig Håvard Dirdal)

Abel fekk sitt gjennombrot tidleg på 1980-tallet med bandet Mods og gjorde suksess som vokalist i Stavanger-bandet The September When. Han vart soloartist og har vunne fleire spellemannpriser. Kva gjer eit teater når artisten seier «her er låtane mine, lag ei forestilling». Korleis få ni songar, om til dømes forelsking, uvêr og livsangst, til å bli ein heilskap på scenen?  

Rogaland Teater har henta nokre hotte danskar til Stavanger for å skape «Spør skogen. Ein desperat popkomedie». Scenograf Julian Juhlin har lukkast aller best med sitt bidrag. Han let sju skodespelarar gli og danse mellom trestammar laga av svart/kvite stoffremser: Sauen, oksen, hanen, snigelen, frosken, puddelen og ugla. Dei surrealistiske dyrehovuda vert tekne av når skodespelarane syng. Mest lattervekkande er snigelen. Anders Dale tassar berrføtt av garde med ørsmå steg. For eit syn!  

Dramatikar Nanna C. Bang har skrive tekstar som bind songane saman. Ho har valt ein undrande og ironisk stiltone med hyppig bruk av ordet «kanskje». Kvart dyr får ein monolog og talar rett til publikum. Ugla (Mareike Wang) pratar om kor krevjande det er å vere gravid, få barn og bli fanga i tidsklemma. Nokre monologar (ugla) kjennest for lange, andre treffer spikaren på hovudet. Det finst ein skøyr tråd: Angsten for å leve og lengten etter kjærleik. Når tråden nesten ryk, reddar regissør Niels Erling seg vidare ved å late eit dyr seie «kanskje vi skal ta ein song no?». Så syng snigelen September When-låten Cries like a Baby. Rørande, rett og slett.

Heile meldinga kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.

Publisert i Dag og Tid 16. mai 2025.

Mareike Wang spelar Ugla i «Spør skogen» på Rogaland Teater. (Foto: Stig Håvard Dirdal)

Spør skogen

Rogaland Teater, Hovedscenen

Regissør: Niels Erling

Av: Nanna Bang etter ein idé av Morten Abel

Med: Amund Harboe, Nina Ellen Ødegård, Anders Dale, Matias Kuoppala, Mareike Wang, Marianne Holter, Siri Black Ndiaye og Heine Røise

Scenografi og kostymer: Julian Juhlin

Musikk: Morten Abel

Komponist/arrangør: Markus Artved

Lys: Mio Eyfjord

Lengd: 2 timar 25 minutt med pause

Kristin Aalen