God tolking av Peer Gynt, men for nedkorta

Kristin Aalen

Å late Peer Gynt sitje i ein bar er utmerkt. Skodespelarane gjer ein framifrå jobb. Men stykket skulle ha vart ein halvtime lenger.

Peer Gynt (Espen Reboli Bjerke) vert tvinga til å ta eit oppgjer med sitt oppblåste ego. (Foto: Stig Håvard Dirdal)

Det er forståeleg at regissørar kortar inn på Ibsen sitt fem akt lange stykke Peer Gynt av di nokre avsnitt er språkleg rett krevjande. Skjer ein inn til essensen av hovudpersonen sin kamp med seg sjølv, kan vi klårare sjå den forfengelege fantasten, anten han drøymer om kjærleik eller eigen stordom. Men instruktør Hanne Tømta har teke vekk for mykje.  

Bra fram til pause

1.-3. akt vert godt formidla: Peer, eminent tolka av Espen Reboli Bjerke, trollbind mor Aase, nydeleg spela av Marit Adeleide Andreassen, med si diktskrøne om bukkerittet. Samspelet har driv og intensitet. Drankaren Peer, uglesett i bygda, vil få andre til å tru på vyene sine: Å bli keisar! Scenografien med ein svær bardisk blir særs passande – kven har ikkje høyrt påsegla folk snakke over seg?

Heile meldinga kan lesast her med abonnement på Dag og Tid.

Publisert 11. oktober 2025 i Dag og Tid.

Peer Gynt (Espen Reboli Bjerke) diktar for si døyande mor Aase (Marit Adeleide Andreassen). (Foto: Stig Håvard Dirdal)

Peer Gynt

Rogaland Teater, Teaterhallen

Regissør: Hanne Tømta

Av Henrik Ibsen

Scenografi/kostyme: Nora Furuholmen

Maskør: Mio Eyfjord

Musikalsk arrangør: Simon Revholt

2 timar med pause

Kristin Aalen