Løvetannbarn sprengjer seg veg

Kristin Aalen

Løvetann syner korleis Espen Hana og Kim Fairchild kasta av seg det vonde og blomstra som skodespelar og artist.

Espen Hana måtte velje mellom flaska og jobben som skodespelar. (Foto: Stig Håvard Dirdal)

Kim Fairchild kom med mor si frå Jamaica i 1968. Ho var det første menneske med svart hud som vaks opp blant kvite bønder på Askøy utanfor Bergen. Den første vart tittelen på ein sjølbiografi ho gav ut i 2020, der ho fortel om den vanskelege vegen til ein karriere som jazzsongar og skodespelar. Espen Hana vaks opp i enkle kår i Stavanger som son av ein alkoholikar. Han vart sjølv alkoholikar trass i ein trygg jobb som skodespelar på Rogaland Teater. I 2019 ga han ut boka Edru og uten filter. Her fortel han om korleis teatersjef Hanne Tømta for 25 år sidan sette kniven på strupen og ba han velje mellom jobben eller flaska.  

I Løvetann vert Fairchild og Hana sine parallelle utfordringar vovne saman til ein heilskap, fint akkompagnerte av jazzlåter dei sjølv syng, og med herleg tonefølgje av den drevne musikaren Mathias Eick og hans band.

Heile meldinga kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.

Publisert 11. september 2026 i Dag og Tid.

Kim Fairchild måtte bryte ut av ein oppvekst med rasisme og seksuelt misbruk. (Foto: Stig Håvard Dirdal)

Løvetann

Hovudscenen,

Rogaland Teater

Av Torbjørn Berglund Eriksen

Regi: Torbjørn Berglund Eriksen

Med Epsen Hana og Kim Fairchild

Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen

Musikk og arrangement: Mathias Eick

Kristin Aalen