Les Miserables som filma teater
Kristin Aalen
Dei elendige er mange i Hugos vidkjente roman. På Rogaland teater får vi sjå andleta deira vri seg i fortviling over ondskapen i verda.
Politispion Javert (Glenn André Kaada) til venstre, Jean Valjean (Cato Skimten Storengen) til høgre. (Foto: Stig Håvard Dirdal)
Videofilming brukt i teaterframsyningar er eit tveegga sverd. I starten var teknologien så enkel at det knapt ga noko ekstra til opplevinga å sjå ein kameramann filma skodespelarane medan bileta vart overførte til ein mindre skjerm (Enron, 2011). Seinare vart videoprojeksjonane betre integrerte. Instruktørane hadde verkeleg oppdaga mogelegheitene i filmvisning på skjerm.
(…)
Berre lerret
No, i teaterversjonen av Les Miserables, fyller Horn innsynet til scenen med ein storskjerm. Møbel og annan scenografi er så å seie fjerna. Kameramannen (Borgar Skjelstad) går svært tett på andleta til skodespelarane slik at deira mimikk og tale vert det sentrale. Kameravinklane er nøye uttenkte, berre nokre gonger vert bileta uskarpe.
(…)
Eg vart ambivalent til denne framsyninga. (…)
Heile meldinga kan lesast her med abonnement på Dag og Tid.
Publisert 27. mars 2026 i Dag og Tid.
Jean Valjean (Cato Skimten Storengen) kjempar med seg sjølv for å vere eit godt menneske. (Foto: Stig Håvard Dirdal)
Rogaland Teater, Hovedscenen
Les Miserables
Av Victor Hugo
Omsetjing: Ingrid Haugen
Regi: Kjersti Horn
Dramatisering: Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag
Med: Cato Skimten Storengen, Glenn André Kaada, Malene Wadel, Malin Landa, Francisco Kalle Navarro
Videoinstruktør/live-kamaraperformer: Borgar Skjelstad
Scenografi/kostyme: Sven Haraldsson
Lyddesign og komponist: Erik Axel Hedin
Lysdesign: Børe Noer Borrevik
Maskør: Jill Tonje Holter
Lengd: 3 timar 10 minutt