Astrid Lindgrens krigsdagbok i svensk idyll
Kristin Aalen
Astrid Lindgren spela av Sofia Pekkari. (Foto: A World Gone Mad / Rise and Shine)
Nyleg opna stiftelsen Kåkå kverulantkatedralen eit nytt hus i Stavanger for undring, usemje og demokratisk nyskaping. Her vil arrangørane mellom anna presentere dokumentarfilm i samarbeid med kinoen og ha samtale i etterkant.
Først ut var den svenske dokumentaren A World Gone Mad. Astrid Lindgrens krigsdagbok av den tyske regissøren Wilfried Hauke. Filmen syner korleis den 32-årige tobarnsmora Astrid Lindgren – ho hadde enno ikkje gjeve ut noka barnebok – byrja å skrive dagbok etter Hitlers åtak på Polen i september 1939. Ho klipte ut meldingar om nyhende og foto frå aviser, limte dei inn i ei skrivebok og skreiv ned eigne refleksjonar. Slik fylte ho eit titals dagbøker fram til mai 1945. Utdrag frå desse vert i filmen kommenterte av barn og barnebarn. I dramatiserte scener blir Lindgren spela av den framifrå skodespelaren Sofia Pekkari.
Gjennom Lindgren si bekymring og sorg over ondskapen i verda kan vi kjenne att vår eiga frykt på grunn av krigane i Ukraina, Midtausten og Sudan. Lindgren opplevde at verdskrigen kraup nærare og nærare Sverige. Dottera Karen, fødd i 1934, vart meir og meir redd. For å få barnet til å sove om kveldane fortalde mora frå 1943 om ei tøff lita jente ved namn Pippi Långstrump. Verdas kanskje mest kjende barnebokfigur vart til som trøst mot krigen som truga.
Heile kommentaren kan lesast her med abonnement på Dag og Tid.
Publisert på dagogtid.no 29. april 2026.
Då Astrid Lindgren sende inn sitt første manus om Pippi Langstrømpe, la ho ved denne teikninga. (Foto: A World Gone Mad / Rise and Shine)
A World Gone Mad. Astrid Lindgrens krigsdagbok
Filmvisning i Odeon kino i Stavanger 19. april 2026 med ettersnakk i Kåkå sitt nye debatthus for usemje, undring og demokratisk nyskaping