Hamlet for dei som kjenner stykket frå før
Kristin Aalen
Mads Ousdal gjer ein imponerande jobb med å tolke alle roller i Shakespeare sitt mest kjente stykke.
Hamlet (Mads Ousdal) på kyrkjegarden (Foto: Fredrik Arff)
(…)
Mads Ousdal, godt instruert av regissør Erik Ulfsby, gjer ein framifrå jobb. Det er imponerande å levere 13.000 ord i høgt tempo. Med ørsmå grep varslar skodespelaren kven som talar: Horatio tek på seg briller, kong Claudius stryk handa over hovudet, hoffmann Polonius held armen over hofta. I rolla som Ofelia viftar Ousdal med ei kvitt slør, når mor til Hamlet talar, vert stemma lysare. Ousdal flyttar seg kjapt på scenen alt etter kven som fører ordet. To spyttslikkarar ved hoffet vert på komisk vis framstilte med kvite ballongar som Ousdal blæs opp til liksom hovud.
Ein må venne seg til den raske vekslinga mellom personar. Det er mogleg berre ein konsentrerar seg. Likevel – soloformatet som grep høver best for eit publikum som kan Hamlet godt. For dei som ikkje kjenner stykket frå før, vert det ekstra krevjande å henge med.
Men prestasjonen får diverre ikkje klårare fram kvifor prins Hamlet er så full av tvil.
Heile meldinga kan lesast her med abonnement på Dag og Tid.
Publisert 20. mars 2026 i Dag og tid.
Også Ofelia vert spela av Mads Ousdal. (Foto: Fredrik Arff)
Hamlet
Av William Shakespeare
Rogaland Teater, Hovedscenen
Omsetjing: Øyvind Berg
Regi: Erik Ulfsby
Lyddesign: Ulf Erlend Haave
Lysdesign: Kasper Melgalvis
Visuell design: Arne Nøst
Komponist: Kjetil Bjerkestrand
Lengde: 2 timar 15 minutt