Blaff av håp i ei kaotisk verd
Kristin Aalen
Stykket Kaos skapar eit kaleidoskop av scener der såre situasjonar rundt kjærleik, mental helse og vald i nære relasjonar tyngjer liva til unge menneske.
Seksten medlemmar frå Ungdomsteatret til Rogaland teater framfører Kaos av Laura Lomas. (Foto: Stig Håvard Dirdal)
Eg vert så imponert av kva Ungdomsteatret ved Rogaland Teater får til. Regissør Penda Faal har gjeve seksten ungdommar eit manus med tittelen Kaos, som verkeleg er kaotisk. Det inneheld lite logisk handling, berre ei perlekjede av korte scener som skildrar unge menneske i krevjande situasjonar. Manuset har få ferdige setningar, orda vert ofte klipte brutalt av før ein kjem til punktum. Det ligg mykje godt instruktørarbeid bak å få amatørskodespelarar til å framføre slik tale på naturleg vis. Men det greier dei.
(…)
Sommarfugleffekten
Ein treng ikkje kunne kaosteori for å sjå Kaos, men det forklarar at teaterprogrammet er forma som ein sommarfugl, og at ein i stykket spør om blafringa frå venger i Brasil kan skape ein storm i Texas. Er «input alltid lik output»? Neppe.
Heile meldinga mi kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.
Publisert 14. januar 2026 på dagotid.no
Festkledde tenåringsjenter sladrar høglytt om gutar og sjalusi. Ei vodkaflaske går på omgang. Meget bra spela. (Foto: Stig Håvard Dirdal)
Kaos
Rogaland Teater, Kjellerteatret
Regissør/oversetjar: Penda Faal
Av Laura Lomas
Lysdesign og scenografi: Kurt Andrè Aase
Koreograf: Stine Lise Birkedal Dombeck
Kostyme: Ragnhild Anda Tengesdal
Maskør: Mio Eyfjörd
1 time 15 minutter utan pause