Sjarmerande om å høyre til i ein by
Kristin Aalen
Dyktige skodespelarar tolkar tekstar om å bu i Stavanger. Men fem kvarter utan handling blir i lengda monotont.
Frå venstre Penda Faal, Marianne Holter, Amund Harboe, og Kaleb Isaac «Isah» Ghebreiesus. (Foto: Stig Håvard Dirdal)
(…)
Einsemda og lengten etter fellesskap har manusforfattarane Mattis Herman Nyquist og Fredrik Høyer greid å trekke ut av 500 timar med intervju dei har gjort med menneske busett i Stavanger. Skodespelarane lyfter fram episodar frå ganske ordinære kvardagsliv – som å sjå Viking tape 0-4 mot Brann. Våge seg inn på ein pub og kome i snakk med eit ukjent menneske. Få kontakt med en fyr som jammen er fra Stavanger, han òg, når ein er på tur til Antwerpen! Eller innsjå at tida har gått og byen har endra seg: For lenge sidan var Stavanger ein liten fiskarlandsby, no er den ein by med nyrikingar som har råd til Porsche og Canada Goose-jakker til 14.000 kroner.
Er det mogeleg å høyre heime her? Å trivast når ein kjenner seg utanfor? Kva vil det seie å ha ein heim i ein by? Slike spørsmål sirklar stykket inn, ofte på sjarmeranda vis.
Heile meldinga kan lesast her med abonnement på Dag og Tid.
Publisert 26. september 2025.
Sju skodespelarar deltek i Hvis byen lyser som vert spelt på ei nesten naken scene. (Foto: Stig Håvard Dirdal)
Hvis byen lyser
Rogaland Teater, Hovedscenen
Regissør: Mattis Herman Nyquist
Av Mattis Herman Nyquist og Fredrik Høyer
Lys og scenografi: Øyvind Wangensteen
Komponist: Gaute Tønder
Dramaturg: Carl Jørn Johansen
Maskør: Jill Tonje Holter
1 time 15 minutt utan pause