Uforståeleg cinematekavslag i Stavanger

Kristin Aalen

Digital framsyning av filmperler har i snart 20 år gjort det mogleg med cinematek i sju norske byar. Men no stikk Norsk filminstitutt kjepper i hjula for slike framsyningar i Stavanger.

Cinemateksjef Magnus Cappelen forstår ikkje kvifor Norsk filminstitutt har sendt avslag på søknaden hans om økonomisk støtte til Sølvberget cinematek i Stavanger. (Foto: Sølvberget kulturhus)

Magnus Cappelen, ansatt ved kulturhuset i Stavanger der han mellom anna har ansvar for å drive Sølvberget cinematek, fekk i vinter eit avslagsbrev frå Norsk filminstitutt (NFI).

Kvar haust plar Cappelen sende ein søknad til NFI om planane for Cinemateket i Stavanger med bøn om økonomisk støtte for neste år. Så også hausten 2025, slik han har gjort i snart 20 år. Cinemateksjefen i Noregs fjerde største by greidde ut om dei to framsyningane per veke av klassiske og nye filmperler. Cinematekomgrepet tyder opphavleg eit statleg filmarkiv, men har endra seg til også å innebere formidling. Målet er å ta vare på og å styrke filmen som kunstart.

(…)

Budsjettet for 2026 ville bli på kr. 1.08 millionar. Av dette søkte Cappelen om under helvta – kr. 495.000 – i støtte frå NFI.

(…)

Så kom dolkestøyten: NFI meinte at Sølvberget cinematek ikkje opptredde i formelt samarbeid med det nasjonale filmarkivet som ligg under Nasjonalbiblioteket (NB). Difor var dei generelle retningslinjene for cinematekverksemd ikkje oppfylte. Altså avslag.

Heile kommentaren kan lesast her med abonnement på Dag og tid.

Publisert 20. mai 2026 på dagogtid.no

Til siste åndedrag (1960) av Jean-Luc Godard, med skodespelarane Jean Seberg og Jean-Paul Belmondo, har vore vist på Sølvberget cinemateket i Stavanger. (Foto: Arthaus, Filmwebs medieserver)

Cinematek:

Tyder opphavleg statleg filmarkiv. Har også fått i oppgåve å formidle filmhistoria. Sidan 2010/2011 har det vore sju cinematek i Noreg: Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø, Kristiansand og Lillehammer.

Sistnevnte vart lagt ned i fjor. Stavanger sitt cinematek heng no i ein tynn tråd.

Besøkstal ved Sølvberget cinematek: I 2023 møtte 1999 på visingane, året etter 2114 og i fjor 2824.

 

Kristin Aalen