Vondt ordskifte omgitt av blodig vald

Kristin Aalen

Ei mor vert rasande av di dottera hennar døyr av ein overdose. Men vert vi klokare av at ho skyt alle som kan vere skuld i dødsfallet?

Mora (Nina Ellen Ødegård) vil hevne at dottera døydde av ein overdose. (Foto: Stig Håvard Dirdal)

Manusforfattarane Tine Skjold og Even Torgan tar tak i eit vondt og viktig tema: 266 nordmenn døydde av overdose i 2014, 342 i 2024. Kan Noreg halde fram med å forby narkotika når vi ligg på toppen i Europa med ein slik statistikk? 

Debatten er ikkje ny – i 2021 fremma Høgre ein rusreform for å avkriminalisere eigen bruk av små mengder narkotika. Eit politisk fleirtal røysta imot. No har vi likevel retningslinjer som gjør at rusavhengige kan sleppe straff sjølv om narkotikabruk er forbode. Ein skal heller gje helsehjelp.

 Diskusjon

Det er spanande at teaterstykket Skyt meg byrjar med å diskutere med publikum. Ein skodespelar spør folk i salen kva dei tenkjer om alkohol samanlikna med narkotika. Ei 18 år gammal kvinne svarar at dei unge har lyst til å utforske rus. Ein middelaldrande mann vil legalisere cannabis. Ein pensjonist trur vi bør snakke med ungdom ut ifrå fakta, ikkje berre synse. Diskusjonen endar i spørsmålet: Kven vil avkriminalisere små dosar til eige bruk? Nokre rekk opp handa.

 Overdosedødsfall

 Brått byrjar skodespelet. Vi er på ein politistasjon der Mikaela, dotter til politikvinna Kine, kjem inn. Ho har så store rusproblem at mora har fått henne til behandling hjå ein psykiater. Kine vert rasande når ho skjønar at psykiateren skriv ut dosar med amfetamin til Mikaela for å motverke abstinensar, noko han ikkje har lov til.

Heile meldinga mi kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.

Publisert 19. desember 2025

Mora (NIna Ellen Ødegård) forsøker å hjelpe dottera (Malene Wadel) etter ein overdose. (Foto: Stig Håvard Dirdal)

 

Skyt meg

Rogaland Teater, Intimscenen

Regissør: Even Torgan

Av Even Torgan og Tine Skjold

Scenografi/kostyme: Mira Genevieve Dagbo Landa

Maskør: Mio Eyfjord

Scenografi og lys: Mathias Langholm Lundgren

1 time 45 minuttar

Kristin Aalen