Hjarteskjerande om 11-åring som tok livet sitt
Kristin Aalen
Mobbing blant barn kan vere dødeleg. Det syner teaterstykket 11 år på ein måte som gjer svært vondt. Dei vaksne har gjort for lite for å verne offeret.
Korleis taklar Ainas far (Svein Solenes), mor (Ragnhild Tysse) og lillebror (Oliver Wilhelmsen Kaada) at ho har teke livet sitt? (Foto: Grethe Nygaard)
Kva skjedde då 11 år gamle Aina ikkje orka å leve lenger og tok livet sitt? Korleis taklar jentas far, mor og lillebror ein slik katastrofe? Kva kunne vore gjort annleis for å ha unngått at det fryktelege skjedde? Og korleis handterer rektor, læraren og medelevane tragedien i ettertid?
Stykket til Toril Goksøyr og Camilla Martens vart urframført ved Det norske teatret i 2017. Dei byggjer på intervju og samtalar med foreldre og barn, lærarar, psykologar, skulefolk og andre som kan noko om mobbing og sjølvmord. Likevel – av di emnet vekkjer slik skrekk hjå oss – er det freistande å tenkje at teaterduoen har vore vel dramatisk når dei lar tematikken utfalde seg på ein barneskule.
Men diverre skjer slike forferdelege hendingar. Forfattar og regissør Dag Johan Haugerud laga i 2019 filmen Barn med ei liknande problemstilling mellom 13-åringar. For tre år sidan vart ein livs levande familie i Rogaland ramma då deira 12 år gamle dotter tok livet sitt.
Heile meldinga mi kan lesast her med abonnement på Dag og Tid.
Publisert 3. februar 2026 i dagogtid.no
Einsemda som 11 år gamle Aina vart skoven ut i av andre jenter i klassen, stal livsmotet hennar. (Foto: Grethe Nygaard)
11 år
Rogaland Teater, Teaterhallen
Regi/manus: Toril Goksøyr og Camilla Martens
Med: Ragnhild Tysse, Svein Solenes, Amund Harboe, Georg Apenes og Bahareh Razekh
Produsent: Hedvig Bergem Søiland
Scenograf: Olav Ryland Myrtvedt
Assisterende scenograf og kostymedesign: Anja Petkovic Karlsen
Turnkoreograf: Pietula Moberget
Maskør: Mio Eyfjörd
Lysdesign: Ingeborg Olerud
Assisterende lys: Trygve Andersen og Sander Sædberg
Lyddesign: Therese Næss Diesen og Fredrik Vogel
Lengde: 1 time 15 minutt
Aldersgrense: 16 år