Kva slags filmskapar er rumenske Mungiu?

Kristin Aalen

Fjord av Cristian Mungiu vann Gullpalmen i Cannes i mai, med skodespelar Renate Reinsve i ei hovudrolle. Filmskaparen er blant rumenske regissørar som har glitra i mange år.

Regissør Cristian Mungiu på jobb for filmen Fjord. Foto: Tudor Vladimir Panduru

Mungiu er ikkje åleine om å levere stor rumensk filmkunst. Til dømes fekk Calin Peter Netzer i 2013 Gullbjørnen i Berlin for korrupsjonsdramaet Mor og sønn. Mungiu og Netzer, saman med Cristi Puiu (Lazarescus død, Sieranevada) og Adrian Sitaru (Sportsfiske, The Fixer) er alle fødde på 1960- og første helvta av 1970-talet. På den tida var filmproduksjonen prega av grov propaganda for å hylle heimlandet. Samstundes var det eit krav om å lage underhaldande filmar som skulle trekke massane til kinoane.

Realismerevolusjon

Ceausescu-regimet vart styrta i desember 1989. Vel ti år seinare starta Puiu og Mungiu ein «realismerevolusjon» i opprør mot propagandastilen frå kommunisttida. Eit særpreg ved den rumenske nybølgja er at vi får møte menneske som står i store moralske dilemma.

Først ute var Cristi Puiu som let eit observerande kamera fange inn livet slik det rører seg. I Lazarescus død (2005) vert ein mann tidleg i 60-åra kasteball mellom legar og anna helsepersonell på fleire sjukehus i București. 

No kunne ein tru at Puiu gjekk til åtak på eit offentleg, underfinansiert helsevesen i Romania. Men nybølgjeregissørane avviser at dei driv med politisk kritikk. Dei er meir interesserte i evige tema, som at alle døyr åleine, medan andre hastar vidare mot nye egoistiske mål.

Det same gjeld Mungiu. Han vil syne fram kor tvitydig røynda er. Han vil ikkje ta politisk stilling. Dei rumenske filmskaparane fekk nok av slik framferd i kommunisttida.

Fjord i Noreg

Eg har enno ikkje sett Fjord, men gler meg til premieren i september. Filmen handlar om eit rumensk-norsk ektepar som flyttar til ei bygd ved ein fjord på Vestlandet.

Resten av meldinga kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.

Publisert på dagogtid.no 18. juni 2026.

Familien Gheorghiu i bygda på Vestlandet, med mor Lisbet (Renate Reinsve) og far Mihai (Sebastian Stan). Foto: Another World Entertainment

Kristin Aalen