Tenk visjonært for Akropolis i Stavanger
Kristin Aalen
Ein vinnar er kåra i arkitektkonkurransen om nytt museums- og teaterbygg i Stavanger. No gjeld det at det flotte utkastet faktisk vert bygd.
Vinnarutkastet Etter Eckhoff - mellom trær, bygg og by, teikna av Lund Hagem, DRDH Architects, Jonas Thor, Edit og Arup. Stavanger museum til venstre, Rogaland teater ligg til høgre i biletet.
Høgder finst i mange norske byar. Men dei færraste kan skilte med å ha gjort som Stavanger: plassert fire klassiske praktbygg på toppen, så vakre at tilnamnet Akropolis-høgda vart brukt om resultatet. Byen sin einaste fagutdanna arkitekt på slutten av 1800-tallet, Hartvig Sverdrup Eckhoff, teikna teater, turnhall, museum og sjukehus i fire monumentalbygg i tyskinspirert nyrenessanse-stil.
(…)
Ropar om oppussing
Nett slik Nationaltheatret i hovudstaden no ropar på oppussing og oppgradering, skrik bygga på Akropolis-høgda i Stavanger om det same. Meir presist: Det gamle sjukehuset har vorte renovert og husar i dag Rogaland fylkeskommune. Verre er det på hi side av Muségata. Der strevar Stavanger museum, Rogaland Teater og den gamle turnhallen, som for lengst er inkorporert i teaterverksemda, med nedslitne og altfor små lokaler.
(…)
Etter Eckhoff
No har Stavanger halde arkitektkonkurranse. På tampen av fjoråret vart utkastet Etter Eckhoff – mellom trær, bygg og by kåra til vinnar. Bak teikningane står arkitektar med solid røynsle frå moderne kulturbygg og ivaretaking av historisk kulturarv (…)
Heile kommentaren min kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.
Publisert på dagogtid.no 28. januar 2026.
Betongbygget Pennalet frå 1964 skuggar for Stavanger Museum. (Foto: Stavanger byarkiv)
Arkitektkonkurranse
Oppussing av Stavanger museum og Rogaland Teater på Akropolis-høgda