Surrealistisk om makabre hekseprosessar
Kristin Aalen
1300 menneske i Norden blei avretta etter å ha blitt dømde for trolldom. Fem danske skjebnar vert nå vekte til liv på teaterscena i Stavanger.
Kor farlege er desse kloke konene eigenleg? Frå venstre Malin Landa, Matias Kuoppala, Malene Wadel, Ragnhild Mønness og Marianne Holter. (Foto: Hanne Nygaard)
Heks er skrive av danske Olga Ravn som har samla stoff om fem kvinner ifrå Fyn og Nordjylland. Men skodespelet kunne like gjerne ha handla om kvinner som blei brende som hekser i Norge.
Å førestille seg kor uopplyste og brutale menneska var for 400 år sidan, er krevjande. Regissør Maria Drangeid har valt ein surrealistisk spelestil for å syne skuldingane mot dei fem kvinnene. Det kler stoffet særs godt. Det visuelt absurde forsterkar det makabre i forteljinga.
Kvit magi
Oransje lyskastarar skapar illusjonen av flammar langs veggane, dyster musikk ligg under som eit illevarslande lydbilete. Året er 1597. Enno er kvit magi lovleg i Danmark-Noreg. Fem skodespelarar dansar inn med underlege, stiliserte steg: ei adelskvinne, ei prestefrue og tre andre kloke koner med kunnskap om lækjande urter og mystiske ritual mot sjukdom, barnløyse og andre plager. Dei er kledde i fargerike gevant og opptrer med ein skjelmsk og gåtefull mimikk. Katja Ebbel har gjort ein framifrå jobb med kostyme og scenografi.
Heile meldinga kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.
Publisert 4. september 2026 i Dag og Tid.
Heksene (frå venstre Ragnhild Mønness, Malin Landa, Matias Kuoppala og Malene Wadel) dansar til svalenes pris. (Foto: Hanne Nygaard)
Heks
Intimscenen, Rogaland Teater
Av: Olga Ravn, Jeanett Albeck & Liv Helm
Regissør og oversetjar: Maria Drangeid
Scenografi og kostyme: Katja Ebbel
Komponist og lyd: Fredrik Almstedt Storsveen
Lys: Mathias Langholm Lundgren
Songpedagog: Nils Erik Steinsbø
Maskør: Jill Tonje Holter